translation
Started by nasagen · 2005-02-24
nasagen · 2005-02-24#1
I am looking for Sagen from Norway and have some information but it is written in norwegian. I have translation program but it doesn't translate it so I can understand it.
I'd like to know what area this is in Norway and if the places still exist. Also any emmigration information would be helpful.
Plass under Nestegard.
I. Sagi (Sagen) — Sagbakken — Mettestugu
Låg ved Bergsåne ovan for Håkonset (der Asle H. Grogard no har bygt) Det var berre ei tomt og ein åker ved husa, men til dette høyrde Kvednaøyne i Bergsån, og Dalsgjerda, største stykket, 3 mål.
Der bygde og budde:
Ca. 1860. Asle Andreessn Øvrestolen -- Sagen f 1804 d føre 1865, g 1. g 1836 m Gunhild Steingrimsdtr. Steingrimsplassen (under norde Bry) f 1798 d 29/2 1860, g 2. g 1860 m
(I) Gunhild Pålsdtr. Slåttun f 1825 d 1900 (dtr. til Dannebrogsmannen Pål Slåttun).
Ho til Am. 1881 som enkje.
Tolleg sikkert bygde Asle Øverstølen plassen Sagen då han skulle seg 2. gongen, altså ca. 1860; det ser nemleg ut til at han på den tid var på Nestegard-Bråset vestafor. Etter som Halvor J. Berg fortalde vart stugu i Sagen flytt dit frå nordre Villand. - kalla «Mette—stugu», etta Mette Hjermann — Villand. Ho vart seinare flytt til Skarset, heimstøl til Nestegard i Skarsetlien vesta Eggen. Stugu er til som stølsbu der enno. Asle var soneson til Gjermund Andresson Ådølshaugen (sjå Øvrestølen), han vart kalla «Gjermund-Asle». Smed.
Asle hadde ingen born med 1. kona.
Gunhild Pålsdtr.`s 3 born føre ekteskapet:
(II) 1. Pål Kristenson f 16/2 1848 d 1929 (i Am.), far: ungk. Kristen Jensson Rudsviken, Nes; Pål til Am. i 1870.
(III) 2. Ola Sjugurdson f3/3 1850 d 1887, far: gift mann Sjugurd Asleson Villandsmoen el. Glytthus. Ola til Am.. 1872.
3. Andres Steinson f 25/4 1856, far enkjemann Stein Andresson Randen (i Urundlien) f 1812. Andres (den kjende fjellmannen) g m Rangdi Eivindsdtr. Myrestølen f 1859, hadde Myrestølen. Deira son, Stein Andresson Myrestølen, kjøpte i 1928 del av Sagen og bygde der Sagtun (nedunder).
Borna til Asle og Gunhild:
(IV) 4. Arne Asleson f 8/3 1863, til Am. 1881 med mor si og systera Gunhild.
(V) 5, Gunhild Aslesdtr. f 26/4 1864, til Am. 1881.
Ved teljinga i 1865 var Gunhild enkje i Sagen: Krøter 4 geiter, sådde ikkje korn men sette 3/8 tn poteter. 1875: 3 geiter og 1 sau sådde då 1/8 tn bygg og sette 1/4 tn poteter.
Med reisepengar som sonen Pål sende heim, reiste Gunhild i 1881 til Am. med borna Arne og Gunhild.
Sagi vart nedlagt som plass. Sjugurd Halvorson Nestegard (far til Misjonærane), gav delen Dalsgjerda til Kinamisjonen. Denne delen vart sidan selt Ola Asgrimon Dalen, og høyrer framleis til Dalen.
Thank You
Please reply through my email: [email hidden]